Dit Blik er tankefuldt, din Taaredugg et Speil, Der viser i dit Dyb os alt, kun ingen Feil.

Se flere sitater

I dei første barneåra var det søstera Augusta (1810–1874) som stod Henrik Wergeland nærast. Det var mindre enn to års aldersforskjell mellom dei to eldste av dei fem søskena i Wergeland-familien. Augusta Antoinette Wergeland gifta seg på Eidsvoll i november 1829 med Edvard Wilhelm Vedøe frå Kristiania. Han var ven og studiekamerat av Henrik Wergeland. Vedøe var sokneprest i Suldal prestegjeld i Stavanger amt (Rogaland fylke) i åra 1831–1837 og i granneprestegjeldet Jelsa i åra 1837–1848.

Då foreldra og søstera Camilla kom til Suldal
I juni 1833 fekk Augusta og familien besøk av foreldra hennar, Alette og Nicolai Wergeland, og søstera Camilla. I boka Optegnelser fra Ungdomsaarene (publisert 1926) fortel Camilla Collett om turen langs kysten med dampbåten ”Constitutionen”, og om opphaldet hos søstera på prestegarden mellom høge fjell i Suldal. Nasjonalbiblioteket i Oslo tek vare på fleire brev etter presteparet Vedøe og resten av Wergeland-familien. I breva frå Augusta til familien på Austlandet kan vi lesa litt om livet hennar som mor og som prestekone i Suldal og Jelsa.
Bror Henrik kom til Jelsa
Også Henrik Wergeland besøkte søstera på Vestlandet, men dette var etter at familien Vedøe flytte til Jelsa i 1837. No i ettertid er lite kjent om besøket, i alle fall i kjeldemateriale og litteratur i Rogaland.

Jelsa prestegard var heimen til prestefamilien Vedøe i åra 1837–48. Den nye hovudbygningen vart reist i 1843. Det vert fortalt at Augusta var ”arkitekt”. Ho ville gjerne ha ein to-etasjes bygning som ho var van med heime på Eidsvoll prestegard.

Jelsa prestegard var heimen til prestefamilien Vedøe i åra 1837–1848. Den nye hovudbygningen vart reist i 1843. Det vert fortalt at Augusta var ”arkitekt”. Ho ville gjerne ha ein to-etasjes bygning som ho var van med heime på Eidsvoll prestegard.
Foto: Anne Karin Jåsund. Eigar: Statsarkivet i Stavanger

Frå vegen mellom prestegarden og Jelsa kyrkje. Her gjekk nok også Henrik Wergeland til gudsteneste då han besøkte presteparet Vedøe. Den fine naturen i Jelsa gav kanskje Wergeland inspirasjonen til naturskildringane i diktet ”Svalen”.

Frå vegen mellom prestegarden og Jelsa kyrkje. Her gjekk nok også Henrik Wergeland til gudsteneste då han besøkte presteparet Vedøe. Den fine naturen i Jelsa gav kanskje Wergeland inspirasjonen til naturskildringane i diktet ”Svalen”.
Foto: Ukjend, 1930-åra. Eigar: Statsarkivet i Stavanger. Stavanger Turistforenings arkiv 
Forfattaren Rasmus Løland (1861–1907) var frå garden Løland i Sand, granneprestegjeldet til Suldal og Jelsa. Han flytte til Kristiania og vart mellom anna journalist i avisa Den 17de Mai. I 1894 skreiv han stykket ”Smaasegner um Henrik Wergeland” i denne vesle avisa. Minnestoffet om Wergeland han hadde fått frå gamle lensmann Tengesdal i Sand. Tengesdal fortalde Løland om då Wergeland var med sokneprest Vedøe til strandstaden Sand, og om korleis dei to diskuterte saker og ting ganske høglytt under båtturen innover Sandsfjorden. Då båten la til på Sand, sprang Wergeland opp på bryggja og ropa, ganske ”raud i hausen”, eller hovudet: ”Trur du eg er komen her til Sand fyr aa kjøpa kringler av deg!” ”Å kjøpa kringler” var ein gamal talemåte, det same som å krangla eller å trettast med kvarandre. Det må ha gjort inntrykk på folk at Wergeland skjende på presten deira. Det var ikkje rart at folk på Sand hugsa denne spesielle hendinga.

Førstesida av avisa Den 17de Mai, 3. mars 1894 Avisa Den 17de Mai, 3. mars 1894. Journalisten Rasmus Løland var frå indre Ryfylke der ekteparet Vedøe var prestefolk i åra 1831–1848. Temaet hans i denne avisutgåva var småsegner om forfattaren Henrik Wergeland. Derfor presenterte Løland også det minnematerialet han sjølv kjende om Wergeland
Eigar: Nasjonalbiblioteket (Sjå òg lenke i høgre felt.)


Etter Henrik Wergeland sitt besøk hos presteparet Vedøe i Jelsa finst det likevel eit heilt anna og handfast minne; det vakre diktet Svalen som Wergeland skreiv med tanke på søstera Augusta.
Diktet Svalen
Augusta fødde minst 13 barn men miste fleire av dei, det første, kjende kort tid før familien flytte frå Suldal til Jelsa. I kyrkjeboka for Suldal (1836–1853) skreiv sokneprest Vedøe i rubrikken for dødfødde at dei den 20. mars 1837 fekk eit barn: ”Barnet fødd i 8. Måned. Fødselen tung.”
Augusta fødde fem barn som prestekone i Jelsa, det første i 1838, det siste i 1845. Fire av barna døydde i Jelsa: Otto Johan Benedictus 6 veker gamal 27. febr. 1840, Alette Camilla Heloise 9 år og 4 månader gamal 3. mai 1841, Athanasia 12 timar gamal 28. mars 1844 og Ida Henriette 9 månader gamal 20. febr. 1846. Alle vart gravlagde på Jelsa kyrkjegard. Gravminna er ikkje bevarte i dag.
Alette Camilla Heloise, eller Alette som dei sa, var fødd 1832 i Suldal. Ho vart kalla opp etter mormora på Eidsvoll prestegard. Året etter kom som nemnt familien på Eidsvoll på besøk til Suldal. Mostera, Camilla Collett, skildra seinare Alette som eit viltert og bortskjemt jentebarn. Henrik Wergeland møtte også Alette då han besøkte familien i Jelsa. Den vesle jenta må ha gjort inntrykk på alle.
I mai 1841 kom så meldinga om at vesle Alette var død av skarlagensfeber. Augusta Vedøe skreiv eit gripande brev til svigerinna, Amalie Sofie Wergeland, der ho fortalde om dødsfallet, og der ho skildra dei siste timane til dottera. Dødsfallet og brevet frå Augusta gjorde eit djupt inntrykk på Henrik Wergeland. Same sommaren skreiv han diktet Svalen, eit av dei vakraste dikta sine. Dette skulle vera til trøyst for Augusta og til minne om Alette.

Svalen. Et Skjærsommermorgens-Eventyr for Mødre, som have mistet Børn (1841). Omslag til førsteutgaven, forsiden Svalen. Et Skjærsommermorgens-Eventyr for Mødre, som have mistet Børn (1841). Tittelsiden til førsteutgaven

Henri Wergeland: Svalen. Et Skjærsommermorgens-Eventyr for Mødre, som have mistet Børn (1841). Omslagets forside og tittelblad til førsteutgaven. Eier: Nasjonalbiblioteket
Diktet opnar med at Wergeland hadde ei sterk naturoppleving ei tidleg morgonstund, før solrenning. Ei svale hadde overnatta i ein rosebusk og fått doggdropar på vengene sine. Svala svinga seg oppe i lufta slik at dropane blenkte i sola. Diktaren undra seg over dette. Rosebusken fortalde då at dropane var meinte som trøystande balsam for den største sorga i verda, sorga til ei mor som har mista barnet sitt. Med eitt vart svala til ein engel, eit sendebod frå himmelen. 
Med dette diktet ville Henrik Wergeland fortelja at svala eller engelen som kom med balsam, var Alette som ville trøysta Augusta, den sørgjande mor si. Same sommaren vart diktet publisert i eit hefte på 30 sider. Det har undertittelen Skjærsommermorgens-Eventyr for Mødre som have mistet Børn og Min søster Augusta på Jelsø fortalt. Heile diktet er på tre delar med ”Rosenbusken og Svalen” som mellomste del.
Også i 1844 og 1846 vart diktet Svalen truleg til trøyst for Augusta. Då mista ho døtrene Athanasia og Ida Henriette.
Her følgjer siste verset i diktet:
Da har Rosenbusken qvalt
denne Gang med Vilje Hanget
til Vidundereventyr,
Fantasien vild og yr
inden Sandheds Grændser fanget,
og kun denne selv fortalt.
Øjet har i Luftens øde
truffet med en Svale Møde:
(Rosenbuskens Gjæsteven)
ørkesløst forfulgt hver Bugt
af den hvileløse Flugt,
mens min Sjel i Himmelen,
over Synets Grændser stegen,
seet har, men ikke kjendt,
liden Engel, fra Guds egen
Naadekjærlighed udsendt
forat trøste dybest Smerte:
skyldløs Barnegeist, der skulde
gyde Trøstens underfulde
Balsam i sin Moders Hjerte.
Og forvexlet i hinanden.
har sig Øjets Syn med Sindets
i fantastisk Sammenblanden.
Dog, om rigtigt jeg har mindets
Engelen, den hulde Trøster,
tør jeg gjette,
at den var, min elskte Søster,
ingen anden
end dit eget Barn: Alette.
(Frå Samlede Skrifter b. I 2, 362–375. For heile diktet, sjå lenke i høgre felt.)
Aktuell litteratur:
Collett, Camilla 1926. Optegnelser fra Ungdomsaarene. Oslo
Hovtun, Hallvard M. 1981. Kultursoga for Suldal. Suldal kommune.
Olimstad, Ingvar (red.) 1993. Frå fjell til fjord og ut i vide verda. Litteraturantologi frå Suldal. Suldal kommune.
Sivesind, Camilla Wedøe 2005. ”Augusta Wergeland Vedøes sorg”. Artikkel i Årbok for Toten økomuseum og historielag.
Lisabet Risa er historikar og førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger.

Lisabet Risa, 14. april 2008 | Skriv ut siden