Sorgens Poesi er Stumhed. Aandens Øre hører den.

Se flere sitater

Mange diktarar har gjennom tida forsøkt å gje sjøfolka på seglskutene betre sjantiar, men det har sjeldan lykkast. Wergeland var ein av dei få som forsto at arbeidsprosessen stilte strenge krav til den forma oppsongen kunne ha.

Songen til arbeidet
Som barn har Henrik Wergeland sikkert mange gonger stått på brygga i Kristiansand og høyrt den underlege songen frå skutene ute på hamna. Det var mannskapet som song mens dei gjekk rundt gangspelet og heiste ankeret opp til skutesida.
Oppsong kan lette tungt arbeid på fleire måtar, men det vanlegaste er at songen og arbeidet blir knytt saman av rytmen. Songen kan legge seg rytmisk opp til arbeidsrytmen og stø arbeidsgangen på den måten. Dette kallar vi arbeidstaktsong. Eller songen kan signalisere dei enkelte arbeidstaka. Dette kallar vi arbeidsropsong eller hiv-å-hå-song. Arbeidssongen blir oftast leia av ein oppsongar, på skutene vart han kalla sjantimann, og han song solopartia mens heile mannskapet song med i refrenga. I tradisjonelle sjantiar er refrenga ofte ganske lange.
Arbeid med rykketak eller i jamn rytme
Pumping eller gangspillarbeid går i ei jamn rytme utan markerte arbeidstak. Dermed kan ein arbeidstaktsong i marsjtakt fungere bra, men det finst også pumpe- og gangspillsjantiar som går i valsetakt. ”Santjanna”, ”Rio Grande” og ”Svineper” er eksempel på slike taktssjantiar i jamn arbeidstakt.
Ved heising av tunge segl var ikkje jamn rytme nok, der trongst det at alle tok rykketak samtidig. Ein sjanti til seglheising består av ei jamn veksling av solo og korliner. Sjantimannen song sololinene, og alle stemte i på korlinene. I kvar korline var det to rykketakmarkeringar, og songen måtte vare heilt til seglet var heist. ”Ane Madam”, ”Ruben Ranzo” og ”Whisky Johnny” er eksempel på slike halesjantiar. På engelsk blir denne typa kalla longhawl shanties.
Henrik Wergelands sjantiar
I tradisjonell arbeidssong er teksta underordna funksjonen. Lange samanhengande viser fungerer dårleg både fordi det er vanskeleg å hugse tekst når ein arbeider tungt og fordi arbeidet kan gå raskt eller ta lang tid. Sjølvstendige strofer fungerer bra, og dersom sjantimannen klarer å finne på noko nytt, gjerne noko grovkorna, er det aller best.
Wergeland syntes nok det vart vel grovkorna, og målet hans var å gje sjømennene meir anstendige tekster. Samstundes forsto han at tekstene måtte oppfylle arbeidsfunksjonen, og alle sjantiane hans er tilpassa desse behova. Dei fleste har strofer nok til ei lang arbeidsøkt, strofene er lette å hugse, og dei er ikkje bundne til ei bestemt rekkefølgje. Alle sjantiane er dikta til gamle sjantimelodiar, og han forsto at det tradisjonelle refrenget måtte bevarast om songane skulle bli brukbare.
Sjantitekster til Briggen ”Jonas Anton Hjelm” og Brasiliefareren, Preciosa
"Gangspilvise for Briggen 'Jonas Anton Hjelm" frå 1839 er den av Wergelands sjantitekster som oftast er trykt i song- og visebøker. Jonas Anton Hjelm var patriot og stortingsmann mellom 1830 og 1842. Wergeland hylla han først og fremst fordi det var han som var pådrivaren for å ”frigjera flagget”. Etter 1838 kunne nemleg det norske flagget brukast på skuter over heile verda. Tidlegare måtte dei bruke eit felles unionshandelsflagg i sørlege farvatn.
”Opsang for Brasiliefareren, Briggen Preciosa” frå 1842 er også ein veleigna sjantitekst med heile 54 strofer, men er likevel svært sjeldan i songbøker. Det samme gjeld dei andre sjantitekstene han laga.
Melodiane
Nesten alle Wergelands sjantiar har samme refreng – ”Singsalli-joh!” – brukt både som mellomrefreng og etterrefreng. Nå og da er etterrefrenget utvida til ”Hurra, Hurra for Singsalli-joh!”, men dette betyr ikkje nødvendigvis at det er snakk om to melodiar. Ein tradisjonell sjanti kan gjerne syngjast med både kort og langt refreng. Det må vere ein sjantimelodi Wergeland har høyrt, men vi veit ikkje sikkert kva melodi dette var. I engelske sjantisamlingar finst ein melodi med refrenget ”Sing Sally Oh” eller ”Sing Sailor Oh”, men den går dårleg på Wergelands strofeform. Johan Behrens, som var si tids fremste korarrangør, gav i 1852 ut ”Jonas Anton Hjelm” med ein tysk folkemelodi. Dette er ein god melodi, men hans arrangement bryt klårt mot sjantifunksjonen. Diderik Brochmann, som gav ut norske sjantiar tidleg på 1900-talet, prøvde å omarrangere Behrens melodi til ein brukbar sjanti, men i kommentarane anbefalte han å bruke andre norske sjantimelodiar, som til dømes ”Rio Grande”, til Wergelands sjantitekster. Erik Bye følgde denne anbefalinga da han song ”Opsang for Brasiliefareren, Briggen Preciosa” til Rio Grande-melodien.
Wergelands sjantiar i folkemunn
Vi har ingen kjelder som kan fortelje oss om Wergelands sjantitekster verkeleg vart tatt i bruk på seglskutene. Den som først og fremst har dokumentert norsk sjantisong, Diderik Brochmann, skriv i 1908 at han ikkje tør å ha noko meining om det, men at Wergelands sjantitekster ”er vel kjendt nok i land …og er sunget i skoler og hjem”.
Men da seglskutetida var over, og nostalgiske sjømannsforeiningar danna sjantikor, fekk Wergelands tekster ein stor plass. I Brochmanns bok Sang fra sjøen frå 1934 tek han med heile ni tekster av Wergeland, og opplyser at alle kan syngjast til ei rekkje av dei mest populære sjantimelodiane.
Velle Espeland er folklorist og dagleg leiar av Norsk visearkiv. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om songhistorie og om kulturhistorie generelt. Tidlegare har han også omsett ein masse teikneseriar til norsk og skrive tekst til Smørbukk og Tuss og troll.

Velle Espeland, 11. desember 2007 | Skriv ut siden